Diskvalifisert språkendringsfaktor
(Dag og tid 18.06.2005)

Vi ser stadig språkvetarar harselere over folk som mislikar språkendringar (no sist Gunnstein Akselberg i DT 14. mai). Dét er meiningslaust, seier dei, for språk har endra seg til alle tider. Ja, det har dei, men kva så? Det er mange faktorar som fører til språkendring: Ibuande tendensar i språket, kontakt med andre språk, liten kontakt mellom unge og gamle, m.m. Det er òg mange faktorar som dreg andre vegen. Ein av dei er motstand mot språkendring blant språkbrukarane. Den har til alle tider bremsa språkendring og gjort at språk ikkje har endra seg meir enn dei har. Kan nokon forklare meg kvifor den faktoren no skal diskvalifiserast?

Eldar Heide
Bergen

Til hovudsida



Eldar Heide

Postdoktor
Senter for mellomalderstudiar (CMS)
Universitetet i Bergen
Postboks 7805
N-5020 Bergen
Besøksadresse: Villaveien 1a
Tlf. (+ 47) 55 58 80 86
E-post: eldar.heide(A)cms.uib.no


Oppretta 22.06.2006.
Sist oppdatert 31.10.2008 av E.H.
Kommentarar til denne sida.